I eit hjørne...

27.03.2015

Å vera i eit hjørne kan opplevast forskjellig.
Det kjem an på korleis ein er kome dit.
Det er forskjell på å bli pressa opp i eit hjørne og frivillig gå dit......

Korleis er det å vera i eit hjørne??
Ja, det kjem vel litt an på korleis ein er havna der.......
Å lakkere eit golv der du til slutt står att i eit hjørne, høyrest litt molboaktig ut. Da sit du ganske fast! I tillegg blir du ikkje ferdig med jobben før golvet har tørka. Og det kan ta ei stund!
Eg kan ikkje skryte på meg mange eigenskapar vedrørande målarfaget. Men eg har enno til gode å lakkere meg inn i eit hjørne.

Om ein ikkje lakkerar seg inn i eit hjørne, kan ein bli pressa inn i eitt! Og det kjennest ikkje godt! Når arbeidspresset blir fort stort. Tida strekk ikkje til.
Eller når eg kjenner at oppgåvene blir store og kompliserte. Eg blir usikker på om eg har gode nok kvalifikasjonar. Det er når mine eigen og andre sine forventningar er større over tid enn det eg kan leve godt med.
Å bli pressa opp i eit hjørne kan og handle om å gå tom for argument i ein diskusjon. Standpunkta mine blir avkledd. Eg ser at eg har ei dårleg sak.
Det blir som å spele sjakk og til slutt bil sett sjakk matt!

Men det kan også vera ganske OK å vera i eit hjørne. Da er det ingen bak ryggen din. Du har overblikk over det som hender i rommet. Det handlar ikkje om kontroll, men om oversikt.
Du kan observere og studere...Eit overblikk i livet skulle alle ha. Stundom. Eit lite overblikk iblant, eit skråblikk.....

Vi går mot påske
Påskedagane er forteljingane om ulike personar som vart pressa opp i forskjellige hjørner.
Det var Peter som kjende det ubehageleg da tenestegjenta kom bort til og meinte Peter var ein i Jesus sine læresveinar. Etter å ha blitt utfordra 3 gonger, kjende han seg nok pressa opp i eit hjørne som ikkje kjenndest godt.
Judas var ein annan. Etter å ha svike Jesus for 30 sølvpengar, såg han ikkje nokon levande veg utifrå det hjørne han meir eller mindre frivillig var komen opp i.
For ikkje å snakke om Pilatus! Han vart pressa frå mange kantar. Han kom seg så vidt ut av eit vanskeleg hjørne ved å vaske sine hender og gje den uskuldige Jesus over til krossfesting.
Han tora ikkje anna.

Og kva med Jesus sjølv??
Han let seg frivillig bli ført inn i eit hjørnet det var uråd å koma levande ut av. Han møtte døden. Men han kom levande frå til slutt.

Og Matteus seier at den steinen som mange menneske/bygningsmennene ikkje så nokon verdi i, det var sjølve hjørnesteinen: Jesus.
Han vart ikkje berre pressa inn i eit hjørne. Han vart sjølve hjørnesteinen. Ein hjørnestein i eit bygg var viktig for plassering og retning av bygget. Det er den største steinen og framfor alt var det hjørnesteinen som heldt bygget saman!

Så handlar det altså å ein slik hjørnestein i livet og i menigheten. Det gjev ein stabil retning i ilvet. Også om ein skulle bli pressa opp i eit hjørne!!

SIGNA PÅSKEDAGAR OG SIGNA PÅSKETID!!

Ånund Hardang