Kva fargane i kyrkja fortel!

04.12.2015

Kyrkjerommet sine mange forteljingar

Etter gudstenesta på søndag, fekk eg spørsmål av ein Lysvåken-forelder opphavet til dei liturgiske fargane vi har i kyrkjeåret. Veldig hyggeleg med slike spørsmål! Altfor sjeldan nokon spør. Kanskje alle går rundt og tenker at dette veit alle. Og så er det mange som går og lurar på det same!

Så derfor: Kva tyder dei liturgiske fargane? Og når begynte den kristne kyrkja å ta i bruk fargar i kyrkjeåret?? Min praktikumslærar på prestestudiet, Tore Kopperud, skriv i ei bok om at kvit er den opprinnelege fargen. Prestedrakta var kvit slik som i dag.

Men frå ca 1200 vart det vanleg å bruke dei 4 fargane vi har i dag: Kvit, grøn, fiolett og raud. Kva slag farge som til eikvar tid gjeld, ser du på prestedrakta. Stolaen som henga utanpå prestekjolen skiftar farge i samsvar med kyrkjeåret.

Og fargane er:

Kvit - det er gledefargen! Det er lyset og reinleiken sin farge. Den er på dei store høgtidene, jul og påske! Jula sin farge er ikkje raud som mange tenker. Nei, den er kvit. Vi gler oss over fødselen i Betlehem og oppstoda i Jerusalem! I tillegg har vi kvit på Maria Bodskapsdag og Allehelgenssøndag. Av kyrkjelege handlingar elles er kvit fargen i bryllaup og konfirmasjon. Noko spørom det ikkje skal vera i dåp og. Men da følger den fargen som gjeld for den tid ein er i kyrkjeåret.

Raud - det er Ande - og kjærleiksfargen!  Anden fall som eld på disiplane pinsedagen. Raud er også martyr-fargen. Alle apostlane måtte bøte med livet , så nær som Johannes.Derfor er pinsa raud slik også 2.juledag er det. Den er til minne om den første martyren, Stefanus. Det er også raudt på Olavsdagen(Olsok) og Aposteldagen.

Fiolett - det er håpets farge!  Det er forventningens og trøstens farge. I adventstida førebur vi oss til jul og i fastetida gjer vi oss klare til å ta imot den krossfeste og oppstadne Kristus i påska. Håpet om at livets lys skal bryte fram og skine. Vi brukar og fiolett i gravferder. For det er og ei farge for sorg. Men også her får håpet ein viktig dimensjon!

Grøn - det er veksten sin farge! Den står for alt som gror og spirer.Ingen feiring enno. Men tid for tolmodig arbeid. Grøn er det festlause halvår, frå nyttår til og fastetida begynner. Og etter pinse og fram til adventstida startar opp. Og det er vel slik eit år er: Det er flest av dei vanlege dagane der vi arbeider trufast med oppgåvene vi har fått!

Dette var nokre liner om kyrkjeårsfargane. I eit kyrkjerom er der også så mange andre forteljingar, symboler og kristne uttrykksformer. Det kan bli eit presthjørne seinare...