Velsigna pinsehøgtid!

13.05.2016

Velsigna pinse!

Vi står like ved inngangen til pinsehøgtida. Kvifor feirar vi pinse eigentleg? Jula handlar om barnet i Betlehem, påska handlar korleis dei tok Jesus av dage ved å henge han på ein kross og stod opp på den tredje dagen. Men pinse....handlar om Den heilage ande. Eg trur det er mange som veit det. Men kvifor er denne høgtida likevel litt flytande? Kan det vera fordi Anden si oppgåve ikkje er å vera i sentrum. Men peike på Jesus. På fotballbanen snakkar ein ofte om ein tilretteleggar. Ein som sørger for å fordele ballen på ein strategisk måte. Så det kanskje blir mål av det. Å spele andre gode. Kanskje kunne vi samanlikne Anden med ein god tilretteleggar.

Eit anna bilete er lyskastaren. Mange kyrkjer er opplyste om kvelden. Særleg på hausten ser vi det. Og da er vi ikkje oppteken av lyskastararne, kva merke det er eller kor dei står. Nei, vi ser sjølvsagt ei vakker opplyst kyrkje!! Slik er det med Anden. Jesus brukar bilete med vinden. Vi ser ikkje vinden. Men vi kan merke den!

Slik sluttfører på mange måtar Anden det som begynte i krybba i Betlehem, vidare til krossen og den tome grava i påska og gjer dette levande for oss. Ja, let oss bli ein del av det. Kvar og ein. Anden gjer at desse forteljingane rører ved oss. Anden seier at dette Guds gode kjærleik, ikkje berre for alle menneske, men for deg. Og meg. Såleis er det Anden som hjelper meg til å tru ved å gjere dette levande.

God pinse!