Den første nattverden


Refleksjon etter barnemesse i Helgerud kirke

Den første nattverden

 

Små føter kjem inn i det store rommet
med prinsessetøfler, blinkesko og sokkelestar

Fint på rad
eller i ein klump
for å vere den første
etter korset

Orgeltonane smyg seg inn og
blander seg med barnestemmer

Der var det ein som tok ein avstikkar
Skulle berre sjekke noko

Det er trengsel rundt døypefonten
Eg står litt bak og tenker vaksne, ironiske tankar om nettopp det
mens han som er min
står der framme
og putter dåpsvatn i navlen

Hender som små skåler
strekker seg fram og tar imot
Brød
Vin
Han snur seg bak til meg: «Er det blod!?»
Neida, det er på lat.

 

Nesten

ingen

turner på alterringen

 

Og eg tenker på det store fellesskapet,
og at det er ingenting mot fellesskapet av dei små

mens han som er min
slafsar
på Jesu kropp
og vil ha meir.

 

Turid Skarbø, mars -23

Tilbake